lørdag 22. desember 2007

Obiora

I går kom nyheiten om at polititenestemennene som sørga for Obioras død får saken sin henlagt.
Synd.

Eg trur det ville væra til alles interresse å finne ut meir av kva som eigentlig skjedde der.
For denne saken har i bunn og grunn bare vært eit prakteksempel på manipulasjon og ensidighet fra medias side. Me får høyre om familien til Obiora, og om kor lei seg dei var, og høyre deira versjonar av kva person han var. Me får høyre om støtten dei får, og oppsluttninga saken får av ulike organisasjonar. Og ikkje minst me gong på gong sjå skulebilete til obiora i avisene.
Det må da finnes andre bilete

Frå den andre sida blir me forklart kva kvelartak som blei tatt, kor unødvendig det var, og kor skuldige desse politimenna var.

Det me derimot manglar, er reaksjonane til politimenna i møte med Obiora, korleis sosilalkontorpersonalet opplevde han, og akkurat kor aggresiv han var.
For er ikkje starten historia sånn, at Obiora gjentatte gonger uttrykka seg aggresivt på trygdekontoret, på grunn av kutt i sosial støtte. Utan å vite heilt sikkert, vil eg tru at ein må oppføre seg ganske radikalt før politiet blir tilkalla.

Tre polititenestemenn kom, Obiora motsatte seg arrest, blei lagt i bakken, og fekk på ein eller annan måte ein arm rundt halsen og blei kvelt. Bevisst eller ubevisst frå politiet si side.

Eg har vanskelig for å tru at ein politimann ville med vilje drepe ein person med kvelertak. Spesielt med to kollegaer tilstades.
I ettertid er det lett å være smart. Ekspertar og advokatar meiner at det ikkje var nødvendig å handle på den måten, og at dette kunne lett vore unngått dersom politiet hadde gjort slik og slik. Det er lett for dei og sei, dei var ikkje der. I ein stressa situasjon, der du og omgivelsene er trua, og det er din jobb og ta vare på omgivelsene, gjer du ditt beste for å unngå skader. Eg er sikker på at politiet fulgte protokoll, og snakka til Obiora før episoden skjedde.

Spørsmålet eg stiller er, kva gjor Obiora på det kontoret som gjorde at politiet måtte legge han i bakken. Og ein kan jo kanskje stille seg spørsmålet, om det heile hadde vore unngått dersom ein ikkje hadde motsatt seg arrest. Kven veit.

Med all respekt til familien.
Det kan godt være at polititenestemenna med vilje brukte ulovlege metodar. Den beste måten er å få saken opplyst og ferdig. Både Obioras familie, og politiet er best tent med det.

torsdag 20. desember 2007

Den farlege litteraturen

Vatikanet fordømmer den nye filmen "the golden compass". Begrunnelsen skal være antikristen og handler om en kald verden uten en gud.
Dersom dette er eit rett sitat fra vg.no si side har virkelig nissane i vatikanet glømt å lufte LP-coveret dei har på hovudet.

Trilogien handlar om ein overståande makt som nedtrykkar alt som ikkje passar deira syn på verden. Der den såkalla overmakta tar kontroll over fenomen som dei følar kan øydelegge deira sanning. Ei makt som fjernar all form for kritikk, og gjerne svarar med valdelege tendensar.

Den faktiske religiøse motivet her, sikter seg sjølvsagt inn på vatikanets tidelige krøkelse i renessansen, og vidare i historien. Banning av bøker, drap av vitenskapsmenn som hevda det var andre løysingar enn den religiøse.

Det som er ekstra festelig nå er at vatikanet gjer ironisk nok det samme som boka seier at dei kjem til å gjere. Fornekte den (i.o.m. at dei ikkje har makt til å banne boka). Mangelen på toleranse overfor kritikk er latterlig.

Ein annan parallell kan kanskje trekkas til vår alles kjære russiske president. Eller "man of the year" som amerikanarane kallar han.

Er det bare eg som frys nedover ryggen?

onsdag 19. desember 2007

Ljugekors?

Til alle som synes blogginnlegga mine er for lange. Her er ein tidleg julepresang.

SVs Kristin Halvorsen lovde i starten av sin regjeringsperiode å sikre full barnehagedekning innen utgangen av 2007. Så sikker var ho, at ho lovde å gå av dersom det ikkje vart innfridd.

På tide å faktisk holde eit løfte denne gongen?
Eller holdt Kristin ljugekors når ho sa det og?

Som ein vis mann sa rett før valget: Dei som kjem til å bli mest skuffa dersom SV kjem i regjering, er dei som stemte SV.

God Jul.