lørdag 22. desember 2007

Obiora

I går kom nyheiten om at polititenestemennene som sørga for Obioras død får saken sin henlagt.
Synd.

Eg trur det ville væra til alles interresse å finne ut meir av kva som eigentlig skjedde der.
For denne saken har i bunn og grunn bare vært eit prakteksempel på manipulasjon og ensidighet fra medias side. Me får høyre om familien til Obiora, og om kor lei seg dei var, og høyre deira versjonar av kva person han var. Me får høyre om støtten dei får, og oppsluttninga saken får av ulike organisasjonar. Og ikkje minst me gong på gong sjå skulebilete til obiora i avisene.
Det må da finnes andre bilete

Frå den andre sida blir me forklart kva kvelartak som blei tatt, kor unødvendig det var, og kor skuldige desse politimenna var.

Det me derimot manglar, er reaksjonane til politimenna i møte med Obiora, korleis sosilalkontorpersonalet opplevde han, og akkurat kor aggresiv han var.
For er ikkje starten historia sånn, at Obiora gjentatte gonger uttrykka seg aggresivt på trygdekontoret, på grunn av kutt i sosial støtte. Utan å vite heilt sikkert, vil eg tru at ein må oppføre seg ganske radikalt før politiet blir tilkalla.

Tre polititenestemenn kom, Obiora motsatte seg arrest, blei lagt i bakken, og fekk på ein eller annan måte ein arm rundt halsen og blei kvelt. Bevisst eller ubevisst frå politiet si side.

Eg har vanskelig for å tru at ein politimann ville med vilje drepe ein person med kvelertak. Spesielt med to kollegaer tilstades.
I ettertid er det lett å være smart. Ekspertar og advokatar meiner at det ikkje var nødvendig å handle på den måten, og at dette kunne lett vore unngått dersom politiet hadde gjort slik og slik. Det er lett for dei og sei, dei var ikkje der. I ein stressa situasjon, der du og omgivelsene er trua, og det er din jobb og ta vare på omgivelsene, gjer du ditt beste for å unngå skader. Eg er sikker på at politiet fulgte protokoll, og snakka til Obiora før episoden skjedde.

Spørsmålet eg stiller er, kva gjor Obiora på det kontoret som gjorde at politiet måtte legge han i bakken. Og ein kan jo kanskje stille seg spørsmålet, om det heile hadde vore unngått dersom ein ikkje hadde motsatt seg arrest. Kven veit.

Med all respekt til familien.
Det kan godt være at polititenestemenna med vilje brukte ulovlege metodar. Den beste måten er å få saken opplyst og ferdig. Både Obioras familie, og politiet er best tent med det.

torsdag 20. desember 2007

Den farlege litteraturen

Vatikanet fordømmer den nye filmen "the golden compass". Begrunnelsen skal være antikristen og handler om en kald verden uten en gud.
Dersom dette er eit rett sitat fra vg.no si side har virkelig nissane i vatikanet glømt å lufte LP-coveret dei har på hovudet.

Trilogien handlar om ein overståande makt som nedtrykkar alt som ikkje passar deira syn på verden. Der den såkalla overmakta tar kontroll over fenomen som dei følar kan øydelegge deira sanning. Ei makt som fjernar all form for kritikk, og gjerne svarar med valdelege tendensar.

Den faktiske religiøse motivet her, sikter seg sjølvsagt inn på vatikanets tidelige krøkelse i renessansen, og vidare i historien. Banning av bøker, drap av vitenskapsmenn som hevda det var andre løysingar enn den religiøse.

Det som er ekstra festelig nå er at vatikanet gjer ironisk nok det samme som boka seier at dei kjem til å gjere. Fornekte den (i.o.m. at dei ikkje har makt til å banne boka). Mangelen på toleranse overfor kritikk er latterlig.

Ein annan parallell kan kanskje trekkas til vår alles kjære russiske president. Eller "man of the year" som amerikanarane kallar han.

Er det bare eg som frys nedover ryggen?

onsdag 19. desember 2007

Ljugekors?

Til alle som synes blogginnlegga mine er for lange. Her er ein tidleg julepresang.

SVs Kristin Halvorsen lovde i starten av sin regjeringsperiode å sikre full barnehagedekning innen utgangen av 2007. Så sikker var ho, at ho lovde å gå av dersom det ikkje vart innfridd.

På tide å faktisk holde eit løfte denne gongen?
Eller holdt Kristin ljugekors når ho sa det og?

Som ein vis mann sa rett før valget: Dei som kjem til å bli mest skuffa dersom SV kjem i regjering, er dei som stemte SV.

God Jul.

fredag 14. desember 2007

Ein smule diffust bodskap


Etter ein del julekonsertar i desember, har eg fått sjansen til å se innsida av relativt mange kyrkjer. Eg har ingen ting i mot kyrkjer. Dei er fantastiske konsertlokale, har alltid eit venlegstilt publikum, og mykje av musikken som blir spelt i kyrkjer er blandt den finaste musikken i verden. Faktisk er ein del av den store klassiske musikken komponert til kyrkja.

Men ein ting som aldri slår feil uansett kvar eg er, er oppslagstavler med informasjon. Informasjon om ulike meniheiter, ressurssenter, tilbod for barn etc.
Og som ein ekstra kicker er det satt opp eit skjema ein kan føre namnet sitt på, for å støtte kampen mot kjønnsliberalt ekteskap.

Noko av teksten som vart presantert på arket, var regjeringas forslag om kjønnsliberalt ekteskap, og om korleis det ville øydelegge dei tradisjonsrike familieverdiane i samfunnet vårt.

Tradisjon er eit kort kristne spelar på alt for ofte. Når enkelte politikarar i forige uke gjekk ut av nemnte at ein kanskje burde oppdatere KRL - faget, var KRF og andre kriste ute på rappen og hevda at det kom til å bryte med ein 1000 år gammal tradisjon. Heile 1000 år faktisk.

Eg foreslår å føre inn faget "perspektiv og filosofi" inn i alle ledd av grunnutdanninga. Og sånn som enkelte utalar seg for tida, burde det kanskje vore obligatorisk vaksenopplæring og. Dersom ein hevdar at KRL-faget har lange tradisjonar, og at eit kjønnsliberalt lovforslag kan øydelegge familieverdiane i samfunnet, då har du nisselua trukke så langt ned i ansiktet at den muligens skader luftvegane dine.
Er du så opphengt i å ikkje se det "the big picture"?

La oss ta ein liten uoffesiell historietime.
År 0 - 1400: katolikkane innprentar oss med at det å gifte deg, eller i det heile tatt omgås med ein person som ikkje er frå din klasse er ei synd. Uten å ha beviser for det, er eg sikker på at vatikanet argumenterte med at det kom til å ødelegge dei tradisjonsrike familieverdiane.
Nå veit me at dette er drittpreik frå ende til annan. Er du forelska i ein person, kan ingen stoppe deg fra å være med den personen (vel og merke dersom det er gjensidig;-))

År 1890 - 1970, USA: Det vært rekna som ei synd å gifte seg, og i ekstreme tilfeller, være med ein person av ulike kulør og etnisk bakgrunn. Igjen uten beviser, er eg sikker på at dei konservative skyteglade cowboyane argumenterte med at det ryste sjølve fundamentet som den gode kjernefamilien vugga på. Dei tradisjonsrike verdiane må oppretthaldas.
Nå veit me at svarte, kvite, gule og neongrønne er likeverdige. I dag er det faktisk sjølvsagt.

År 2007 ->, Noreg, USA etc: Det vært rekna som ei synd å gifte seg, ja til og med forelske seg i ein person med det same kjønnet. Den kristne kyrkja og menighetene kjempar febrilsk imot. Det øydelegg jo heile den tradisjonsrike familien.
Eg er sikker på at i framtida kjem etterkommarane våre til å le av oss, og sjå på dette som det var sjølvsagt. Også kristne. Fordi, er du forelska og glad i ein person, skal du sjølv få kunne bestemme om dette er rett eller galt. Lenge leve fri vilje.

Og når det gjeld den 1000 år gamle tradisjonen med KRL-faget i skolen.
Omskjæring av små jenter er ein del av skulekvardagen til elevar i fleire land. Den tradisjonen er over 3000 år gammal. Bare fordi det er ein tradisjon, betyr det ikkje at det er rett.

Utan samanlikning, sjølvsagt.

mandag 10. desember 2007

One Hit Wonder #2


Denne gongen har eg funne ei perle. Ein absolutt godbit fra slutten på 70-talet. Eg var som kjent ikkje fødd då, men skulle gjerne ønske eg var. Og denne låten er ein av grunnane.

Låten er "Pop Muzik" gitt ut av det fantastiske psydonymet "M".
Dette er ei låt som, trass 6 millionar solgte singlar, bare kan skryte på seg ein andre plass på hitlisten. Kun slått av Art Garfunkles "bright eyes".

Gruppa "M" seier sjølv at denne låta var eit forsøk på å fange dei siste 25 åra med popmusikk inn i ei låt. Og med ein pretensiøs brite bak mikrofonen og ein tysker på synth (sjølvsagt), må det gå bra. Dette er ein låt som borer seg rett inn i hjernebarken, og er provoserande fengande.

Låten har i tillegg til eit svært så plagsomt synthspor, også elektronisk blåserekke, koredamer og sjølvaste David Bowie som klappar i bakgrunnen.

"M" klarte å gi ut ein singel til før dei forsvann. Seinare har hovudpersonen i bandet, Robin Scott, gitt ut nokon singlar utan å oppnå det heilt store resultatet.
Låtens store comback var når U2 bestemte seg for å ta den under sine vinger og bruke den som opningsnummer på ein av turnéane sine.

Musikkvideoen er eit must å sjå. Kos deg.

søndag 9. desember 2007

One hit wonders

Ein er bare nødt til å elske dei.
Låtar som glir inn i hovudet, forbasket fengande. Artistar som tener meir penger på ein låt en dei fleste artistar gjer på fleire album.

Og så forsvinn dei.

Og det er nesten ingen som høyrer frå dei igjen. Dei forsvinn i evigheiten, og treng aldri gjere eit dagsverk igjen. Dei kan leve av feite royalties og tonopengar. Og dersom det ikkje er nok, så kan ein alltids bli med på ein turné med Øyvind Mund & Co.
Ein av mine planar i livet er iallefall å lage ein hit. For så å ta resten av kvelden fri. Eg vil forsvinne i evigheiten med synthpop og dårlege coverversjonar. Og den beste måten å gjere det på er å studere meisterane. Dei som verkeleg klarte det.

Og det har eg tenkt å starte med. Med jevne mellomrom skal eg presentere one hit wonders, til glede og mimring for deg.

Først ut: Michael Learns To Rock


Dette er kanskje ikkje definisjonen på one hit wonders, i og med at MLTR har gitt ut heile 6 album sidan 1991. Men det er nettopp det som er det festlige. Det einaste folk kjenner av dette bandet er "the actor", ein middelmådig song om ein person som ikkje heilt føler at han strekker til.

Det som kanskje er meir bemerkelsesverdig er namnet. Eg har alltid lurt på kvifor dei kalla bandet sitt noko så tåpelig som "Michael Learns to Rock", spesielt med tanke på at det ikkje finnes eit fnugg av rock på albuma deira. Men det heile falt på plass då eg leste eit intervju med bandet.

"Yeah, it was like Johnny Hates Jazz and Frankie Goes to Hollywood. Sure, I've regretted calling ourselves this many times since, but we were successful so quickly we had to stick with it and over time I got used to it." (Taipei Times, 06 07 2007)"

Bandet innrømmer også at "Michael" eigentlig er Michael Jackson, og at det er han bandet er oppkalla etter. Logisk, i og med at ingen i bandet faktisk heiter Michael.

Kos deg med den herlige musikkvideoen.



Og mens du allerede er på veven. Sjekk ut http://www.mltr.dk/
Der kan ein høyre den nye julelåta deira. Enjoy.

Takk kjære Danmark, for denne fabelaktige perla.