Viser innlegg med etiketten religion. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten religion. Vis alle innlegg

fredag 14. desember 2007

Ein smule diffust bodskap


Etter ein del julekonsertar i desember, har eg fått sjansen til å se innsida av relativt mange kyrkjer. Eg har ingen ting i mot kyrkjer. Dei er fantastiske konsertlokale, har alltid eit venlegstilt publikum, og mykje av musikken som blir spelt i kyrkjer er blandt den finaste musikken i verden. Faktisk er ein del av den store klassiske musikken komponert til kyrkja.

Men ein ting som aldri slår feil uansett kvar eg er, er oppslagstavler med informasjon. Informasjon om ulike meniheiter, ressurssenter, tilbod for barn etc.
Og som ein ekstra kicker er det satt opp eit skjema ein kan føre namnet sitt på, for å støtte kampen mot kjønnsliberalt ekteskap.

Noko av teksten som vart presantert på arket, var regjeringas forslag om kjønnsliberalt ekteskap, og om korleis det ville øydelegge dei tradisjonsrike familieverdiane i samfunnet vårt.

Tradisjon er eit kort kristne spelar på alt for ofte. Når enkelte politikarar i forige uke gjekk ut av nemnte at ein kanskje burde oppdatere KRL - faget, var KRF og andre kriste ute på rappen og hevda at det kom til å bryte med ein 1000 år gammal tradisjon. Heile 1000 år faktisk.

Eg foreslår å føre inn faget "perspektiv og filosofi" inn i alle ledd av grunnutdanninga. Og sånn som enkelte utalar seg for tida, burde det kanskje vore obligatorisk vaksenopplæring og. Dersom ein hevdar at KRL-faget har lange tradisjonar, og at eit kjønnsliberalt lovforslag kan øydelegge familieverdiane i samfunnet, då har du nisselua trukke så langt ned i ansiktet at den muligens skader luftvegane dine.
Er du så opphengt i å ikkje se det "the big picture"?

La oss ta ein liten uoffesiell historietime.
År 0 - 1400: katolikkane innprentar oss med at det å gifte deg, eller i det heile tatt omgås med ein person som ikkje er frå din klasse er ei synd. Uten å ha beviser for det, er eg sikker på at vatikanet argumenterte med at det kom til å ødelegge dei tradisjonsrike familieverdiane.
Nå veit me at dette er drittpreik frå ende til annan. Er du forelska i ein person, kan ingen stoppe deg fra å være med den personen (vel og merke dersom det er gjensidig;-))

År 1890 - 1970, USA: Det vært rekna som ei synd å gifte seg, og i ekstreme tilfeller, være med ein person av ulike kulør og etnisk bakgrunn. Igjen uten beviser, er eg sikker på at dei konservative skyteglade cowboyane argumenterte med at det ryste sjølve fundamentet som den gode kjernefamilien vugga på. Dei tradisjonsrike verdiane må oppretthaldas.
Nå veit me at svarte, kvite, gule og neongrønne er likeverdige. I dag er det faktisk sjølvsagt.

År 2007 ->, Noreg, USA etc: Det vært rekna som ei synd å gifte seg, ja til og med forelske seg i ein person med det same kjønnet. Den kristne kyrkja og menighetene kjempar febrilsk imot. Det øydelegg jo heile den tradisjonsrike familien.
Eg er sikker på at i framtida kjem etterkommarane våre til å le av oss, og sjå på dette som det var sjølvsagt. Også kristne. Fordi, er du forelska og glad i ein person, skal du sjølv få kunne bestemme om dette er rett eller galt. Lenge leve fri vilje.

Og når det gjeld den 1000 år gamle tradisjonen med KRL-faget i skolen.
Omskjæring av små jenter er ein del av skulekvardagen til elevar i fleire land. Den tradisjonen er over 3000 år gammal. Bare fordi det er ein tradisjon, betyr det ikkje at det er rett.

Utan samanlikning, sjølvsagt.

mandag 12. november 2007

Javel, eg motstår ikkje fristelsen

Det har vore mykje snakk i media den siste tida, om dei sju dødssyndane. Kristne har reagert, annonsørar har reagert, humanetisk forbund har reagert. Eg innrømmer det gjerne, eg har meiningar om saken eg og.

The first things first:
Som eg vart minna på av ei god veninne av meg, så står ikkje dei sju dødssyndane i bibelen. Det heile er noko ein katolsk pave, ein eller annan gong fann ut var ein god idé for å holde kontroll på enkelte ting den katolske kyrkja ikkje er så veldig glad i.
I Noreg er me, om eg ikkje huskar feil, ikkje i den katolske kyrkja, og desse syndene "gjeld ikkje" for oss. Den kristne trua baserar seg på dei 10 bud, og i hovudsak det nye testamentet.

Og takk og lov for det. Ser ein nøye på kva dei sju dødssyndane eigentlig er, vil ein nok finne ut at ein begår dei kvar einaste dag. Kristen eller ei.
Eg trur, at programmet er meir ein kommentar til vårt "syndane" samfunn, enn det er kritikk til den kristne religionen. Eg veit iallefall at eg har kjenner meg kvalm når eg tenker på kor mange afrikanske barn eg "drep" kvar helg med mitt alkoholforbruk.

Joda, eg veit at heile den samanlikninga der var dårlig, men alikevel.

Så kvifor reagerar kristne i Noreg då? Er det uvitenheit? Gleden over å endelig få ein debatt på temaet?
Eg trur rett og slett det kristne samfunnet reagerar fordi dei nå er dritt lei av kritikk, drittslenging, og generelt det å bli latterliggjort. Kvart einaste tema ein kristen person meinar noko om blir kritisert og slått ned på.
Betyr det at eg støttar dei kristne synspunkta? Nei, dessverre. Eg synes tvert i mot det er sunt å kritisere, men det er forskjell på korstruktiv kritikk, og kommentarane som kjem i medias søkelys. Enkelte har starta å kalle kristne for nazistar. Det blir bare heilt, totalt feil.

Men tilbake til reaksjonane kristne har hatt. Dei har fordømt programmet, skrevet under på lister, fått feige annonsørar til å trekke seg, krevd programmet av lufta.
Ærlig talt. Å ta eit program av sendeplanen, fordi det er nokon som ikkje likar det er tåpelig, og ikkje minst eit merkelig argument. Eg likar ikkje "greys anatomy", men eg lagar ikkje bråk fordi eg ikkje vil av tvkanalen skal sende det. Eg har fjernkontroll, og den blir flittig brukt til å endre på valgt kanal, dersom noko kjem på tv, som eg ikkje likar. Fotball til dømes (uten at det har noko med saken og gjør).

Greit, fotball og dårlege tvseriar rakkar ikkje ned på mi tru og min religion. Men i all rettferd, det gjer ikkje Kristoffer Schau sitt program heller. Som eg har nemnt tidlegare, trur eg det er meir ein kritikk av deg som person, og Noreg som samfunn (utan og virke for pompøs og svulstig).

Avsluttningsvis er det lett å kritisere ei heil gruppe, og "greie alle over samme kam". Faktum er at det sikkert er kristne som liker programmet, kristne som ikkje bryr seg, og ateistar som foraktar heile konseptet.
Faktum er, at det einaste som er oppnådd med denne langtekkelige og useriøse debatten, er at dei sju dødssyndane har fått økte seertall og den kristne tro har blitt utsatt for meir useriøs diskusjon.

Det finnes trass alt meir brannfarlege tema og ta opp med kristne. Då gjerne den mest brennbare av alle; homofilidebatten. Eg orkar ikkje å skrive om det nå, men eg holder meg ikkje for god til å skrive om det ein annan gong.

And thats all folks.