Det er nok ein gong kyrkja det handlar om, og denne gongen er det homofili.
Eg kan halde meg for god til å kommentere saken.
Men eg kjem ikkje til å gjere det.
"Dobbeltmoral er dobbelt så bra som enkeltmoral"
Dette sa ein fabelaktig lærar eg hadde på vidaregåande. Det fulgte med ein advarsel. Dobbeltmoral finnes over alt. Og det gjer det.
Og når du ser nokon, anten det er ein person, eller ei heil gruppe mennesker, bryte ut i dobbeltmoralske spasmer. Då er du nødt til å reagere. Og det er det eg gjer nå.
16. november vart det vedtatt på kyrkjemøtet at prestar som lev i ein homofilt partnerskap skal kunne ansettjast og vigslast. Vedtatt med eit fleirtal på 50 mot 34.
Haka er at det er opp til kvart bispedømme å vurdere saken, og avgjer sjølv. Biskop Sigurd Osberg har uttalt at akkurat denne løysinga kanskje ikkje er så heldig, og at det vil føre til eit meir rotete system. Han meiner at det er uryddig, og kan føre til kaos.
Enig.
Skal ein først ta eit standpunkt i denne saka, bør det være lik praksis over alt. Rettferdighet i alle bispedømmer. Men, eg synes at dette absolutt er eit steg i rett retning. Kanskje endelig verdiane kyrkja forkynner skal gjelde alle. Og la oss være ærlige. Mykje bra står i bibelen, og vennskap, partnerskap, verdiar og generelle normer. Normer som alle er indoktrinert i, og som me ser på som sjølvsagt. Alt i alt fann eg artikkelen skreve av Sigurd Osberg tilfredstillande.
Det er tydligvis ikkje alle som meiner det samme.
Dette var eit av debattinnlegga lenger nede på sida. Tatt i betrakning at dette ikkje var av det verste som sto der, er det grunn til ein tankeprosess. I det siste har eg diskutert mykje med venner av meg, nokon svært kristne, og nokon personleg kristne. Felles for dei alle er at i lys av programmet "de syv dødsyndene" føler at dei og deiras religion blir trakasert. Spesielt på nettet. Og då gjerne i kommentarfelta til VG og Dagbladet.Vil absolutt ikke se 2 av samme kjønne spotte kirka mi!!
De kan gjøre som muslimene,bygge en homo moskee!!
Eg er sjølvsagt heilt enig. Mykje av det som blir sagt er umodent og tåpelig.
Anonyme kommentarar der det blir hevda at kristne er idiotar, naive, mordarar og nazistar. Feigt og totalt lavmål.
Men med homofilidebatten, vel, la oss bare sei at eg høyrer mange glasshus revne. Den deilige dobbeltmoralen setter inn.
Og eg er klar over at det ikkje er dei samme. Men dette angår heile religionen. Og alle innvolverte. Det er heilt ok at du ikkje støttar homofile, og iallefall ikkje deiras rett til å være prestar.
Du tar feil; men du har lov til å meine kva du vil. Eg kjem tilbake til dette.
Men ein skulle tru at kristne, som har fått så mye drit og ufortent kritikk i det siste, kanskje ville holde seg for gode til å kritisere mennesker med ein annan legning. Og iallefall ikkje dra islam inn i dette.
Men igjen. Det er jo ok å kritisere og spotte islam. (ref. Mohammedtegningane).
Dette handlar først og fremst om respekt.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Andre kommentarar tok opp bibelens forhold til homofili, og sa at dei nå skulle melde seg ut av statskyrkja, fordi statskyrkja ikkje lenger "følger bibelen". Dei om det.
Men akkurat her bringer dei på bane noko som er svært essensielt i det om å være kristen. Å tru på bibelen, og å følge den. Der kjem problema. Eg har tidlegar nemnt at dersom du følger bibelen, så skal du kunne drepe din nabo dersom han jobber på sabbatsdagen.
Ei venninne av meg påpeika at kristne følger det nye testamentet, og dei 10 bud.
Liten glipp der kanskje, i og med at dei 10 bud kjem fra,
akkurat,
Det gamle testamentet. 2. mosebok (20, 3-17) og 5. mosebok (5, 7-21).
Tilbake til dette med å drepe din nabo for å jobbe på sabbatsdagen. Det er tatt ut i fra 2. Mosebok (35, 2-?). Er det sånn at dersom du er kristen kan du velge det som passer, og så hevde at det som ikkje passer egentlig ikkje gjeld.
Dobbelt så bra.
Men la oss nå for syns skyld rette oss mot det som står i bibelen om homofili.
Når en mann har omgang med en annen mann slik som en har omgang med en kvinne, har de begge gjort en avskyelig gjerning. De skal dø; det hviler blodskyld på dem. (3. mos - 20, 13)
Du skal ikke ligge med en mann slik som en ligger med en kvinne. Det er en styggedom. (3. mos - 18, 22)
Vet dere ikke at de som gjør urett, ikke skal arve Guds rike? La dere ikke føre vill! Verken de som driver hor, de som dyrker avguder, eller de som bryter ekteskapet, verken menn som ligger med menn, eller som lar seg ligge med. (1. kor, 6, 9-10).
Derfor overga Gud dem til skammelige lidenskaper. Kvinnene deres byttet ut det naturlige samliv med det unaturlige. 27 På samme måte sluttet mennene å ha naturlig samliv med kvinner og brant i begjær etter hverandre. Menn drev utukt med menn, og de måtte selv ta straffen for sin villfarelse. (Rom 1, 26-27)
Så vidt eg ser, er det to referanser til det gamle testamentet og to til det nye testamentet.
Mitt spørsmål då er, kvifor kan ein forkaste enkelte ting i bibelen (GT), og så tviholde på noko anna?
Den openbare grunnen er dette. Drap og straff for religiøse overtramp er ikkje akseptert i vårt samfunn. Til og med dei mest konservative kristne meiner ikkje at ein burde bli drept får å være homofil. (Nokon går så langt at dei meiner ein kan kurerast for homofili. Dersom du har dette synspunktet burde du kanskje vurdere psykologihjelp sjølv).
Kristendommen har etterkvart blitt ein moderne religion. Ein religion som har tilpassa seg samfunnet.
Kvifor ikkje ta det neste skrittet?
Bevis at kristendommen er ein god religion. Bevis for oss skeptikarar at som kristen elskar du din neste, og din nestes homofile partner. Bevis for oss at det å være kristen ikkje betyr å dømme andre mennesker.
Bevis for oss. Men viktigast av alt; bevis for dokke sjølv.