Viser innlegg med etiketten konspirasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten konspirasjon. Vis alle innlegg

torsdag 15. november 2007

Konspirasjonens start

Som tidlegare nemnt er eg ein stor fan av konspirasjonsteoriar. Dei bringer ein fantastisk deilig løysing på urettferdige ting i vårt samfunn.

Dei eg likar best, er dei som innvolverer ein samling mennesker som styrer heile verden. I det siste har kiosklitteraturen til Dan Brown blitt svært så populær. Morsom lesning, fult på høgde med Michael Moore sine filmar og bøker. Og med desse bøkene har oppstusset med "ILLUMINATI" starta for fullt. Ein stor organisasjon, med røtter over alt. Den nye verdensordenen. Freakin´ fantastic.

Eg har samme fascinasjon for den italienske mafian. Cosa Nostra. John Dickie har skreve ei bok med samme namn. Den tar for seg den sicilianske mafiaens historie. Filmane men titlane Gudfaren (I, II, III) tar for seg mafiavirksomhet i USA. Alle desse samlingane og konspirasjonane får meg til å tenke ein ting.

Eg vil også væra med.

Eg vil og ha min egen hemmelege klubb av viktige mennesker. Eg vil ha innflytelse og makt. Eg vil ha ulovleg mye makt. Dessverre er det ikkje bare til å bli frimurar, eller bli medlem av den såkalla "gutteklubben grei". Ein må nesten komme frå ein pengefamilie, eller ha ein jobb med mye kontaktar.

Derfor skal eg starte min eigen organsisasjon. Min ansamling av personar med ulike spesialfelt. Eg vil ha innviingssermoniar, opptakskrav, hemmelege møter. Ja til og med eigne kjennetegn, på samme måte som frimurarane har ringane sine. Lyssky afferer, inntening av penger.

Men det blir litt stusseleg med bare eit medlem. Derfor innviterer eg deg til å være med. Du har jo ingenting å tape.

Mail meg. tomin_tollefsen@hotmail.com
Gler meg til masse mail i innboksen.

Jo fleire me er saman...