Grunnen til at eg gjer noko så "fælt" med cd-ane mine, er fordi eg ikkje høyrer på dei lenger. All musikken min ligg inne på macbooken min, og den kan eg koble til høgtalarar, eller legge alt på mp3-spelaren min. Ein kan trygt sei at eg ikkje lenger ser vitsen i cd-spelarar.
Mye av musikken eg har lagt inn i Itunes, er ikkje min musikk. Eg eig ikkje cd-ane. Nokon har gjort det "usmakelege", og ikkje minst ulovlege. Nokon har nemmeleg delt musikken sin over internett.
Why?
Fordi det er billegare, enklare og tidsbesparande.
Eit eksempel.
Eg har lyst på den nye plata til Muse.
Då har eg tre alternativ.
- Kjøpe plata på platekompaniet til 169 kr. (eller meir).
- Kjøpe plata på Itunes store til 80 kr.
- Laste ned ein torrent på nettet. Gratis.
Eg veit det er uetisk. Og dersom eg ein dag faktisk blir musikar, og gir ut ein cd, kjem eg heilt sikkert til å kritisere alle som gjer det. Men tilbodet er der. Ein treng ikkje betale for musikk.
Eller filmar, for den saks skyld. Ein kan laste det ned gratis, og det er det dei fleste gjer.
Platebransjen i USA (og i Noreg), har gått sterk imot dette. Ein les stadig nyheiter om studentar og aleinemødre som har delt eit par låter på nettet, og som blir straffa med skyhøge bøter. Dei store fildelarane har sjølvsagt ressursar til å gjømme seg vekk.
To ting overraskar meg med dette. Det eine er at RIAA (Recording Industry Association of America) får lov til å leke politi. Dei får tilgang til informasjon som kun skal være tilgjengeleg for politiet. Og dei har til og med bukt politiet som nikkedukker i saker dei vil ha oppklart fort (ref. pirate bay i Sverige). Dersom det er ein lov mot fildeling, er det politiet, eller andre passande myndigheiter som må gripe inn. Ikkje anklagarane sjølv. Det blir det samme som om du skulle fått lov til å etterforske og arrestere personen som stal lommeboka dei sist lørdag.
For det andre.
Kva tid skal platebransjen, myndigheiter og artistar finne ut, at det ikkje er dei som bestemmer, men forbrukarane. Forbrukarane seier ganske godt ifrå om kva dei meiner om platebransje og artistar når dei lastar ned musikken gratis.
Og ein ting er ganske sikkert. Ingen lovendring og patetiske forsøk på å stanse dette vil fungere.
Michael Moore vart spurt på ein pressekonferanse om kva han synes om fildeling, i og med at hans nyaste film, Sicko, vart lagt ut før premieren. Han påpeikte noko som eg, og sikkert fleire med meg, ikkje har tenkt på. Fildeling har pågått så lenge det har vært media til stede.
Når eg var liten, eller midre om du vil, var eg ofte hos min nabo. Dei hadde mange VHSar.
Ikkje bare det, dei hadde parabol også, med staselege "cartoon network". Besøket endte som regel med at eg lånte med meg ein film. Etter eg hadde sett filmen, leverte eg den tilbake. Min nabo var då ein fildelar. Han hadde kjøpt filmen, lånt den til meg, og eg leverte den tilbake. Vel vitande om at eg aldri kom til å kjøpe filmen sjølv. Der tapte filmbransjen mine penger.
Javel, eg lånte den bare. Fildeling nå går jo ut på at du har filmen for alltid.
Greit. Eg ser feilen i argumentet mitt. Men nokon år seinare fekk eg masse brente cd-ar av den samme naboen, med musikk eg likte. Musikk eg ikkje kjøpte sjølv. Det er fildeling som me kjenner det i dag.
Problemet i dag er at det har kome litt utav hende. Fleire millionar nedlastingar i døgnet, gjer at platebransjen taper penger (gud forby), og artistane ikkje lenger kan tørke seg i brunauge med hundredollarsedlar. Eller, jo forresten. Det kan dei. Det virkelege problemet er at platebransjen ikkje har innsett at denne æraen er over.
Folk flest vil ikkje ut med masse pengar for studioplater utan sjel. Dei er ikkje verdt hundrevis av kroner. Dessuten finn fleire og fleire ut at den gamle vinylen har bedre lyd.
Cd-ar som me kjenner dei i dag er mest sannsynleg på veg ut. Og det skjer så fort platebransjen innser det.
For desto raskare dei innser det, desto raskare kan dei faktisk løyse fildelingsproblemet. Det finnes svært få løysingar for kjøp av musikk på nett. Ein har eit par som fungerer halvvegs. Og den beste løysinga til nå er Itunesstore.
Men ingenting er perfekt. Låtane er for dyre, og dei er DRM-beskytta.
Heldigvis har Apple gjort eit par steg her, og DRM er fjerna frå nokon spor, men dei er til gjengjeld endå dyrare. Dessuten finnes det måtar å komprimere musikken, sånn at den ikkje mistar kvaliteten. Dette er også noko som burde bli tatt i betraktning.
Ein vis mann sa ein gong "Me lev i ein digital verden, ikkje bli sittande analogt".
Eg er tildels enig. Ikkje alt det digitale er for det betre. Cd-ar vil alltid ha sine tilhengarar. Sjølv har eg ein heil haug med cd-ar, men dei ligg hjemme og samlar støv.
Desto raskare musikarar, artistar og produserar finn ut, at dei ikkje lagar musikk for pengar, men fordi dei har lyst. At dei lagar musikk for musikkens skyld, og at dei som faktisk vil høyre på musikken er viktige. Det beste eksempelet på dette er Radiohead.
Den nye plata deira vart lagt ut på nettet. Gratis. Dersom du ville betale noko, så bestemte du prisen heilt sjølv.
2 av 5 betalte. gjennomsnittsprisen var rett under 30 kroner.
Nå skal det nemnast, at cd-ane som heng på veggen min kun er brente cd-ar. Med untak av smurfehits 2, jabba-dabba-dance 4 og absolut music 198.
Julegaver alle sammen, sjølvsagt.