Viser innlegg med etiketten bergen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bergen. Vis alle innlegg

torsdag 15. november 2007

Knekkebrød og Zalo

Ordet blogg har ein ekkel klang over seg. Å fortelje nokon at du bloggar er på grensa til flaut. Fult forståeleg eigentleg. Det einaste ein gjer er å presse sine meiningar på andre.
Men igjen, eg tvingar deg ikkje til å lese, så eg gjer faen.

Men eg har eit problem med skrivinga. Eg føler at eg bør skrive noko som ein kan relatere seg til. Ikkje berre om meg og mine problem. Så spennande er eg ikkje. Så på mine endelause vandringar i Bergen by gjekk det opp for meg kva alle mennesker, iallefall dei fleste, har til felles.
Dei handlar.
Antiklimaks? Nåja, det får nå så væra.

Poenget er at alle kjøper matvarer på sin lokale butikk. Og alle, utan noko unntak må ha irritert seg over enkelte ting på butikkar. Ein kan rett og slett ikkje la være.
Ein klisjé å skrive om. Blitt gjort før.
Klar over det. Men det er ingen ting som er så delig som å få sleppe det laus av og til.

Når du står i kø ved kassa på bunnpris, og ein med downs syndrom slår inn varene med roleg nøyaktigheit; då har du all tolmod i verda.
Men når ei middelaldrande, rødvinsmarinert "flicka", med røykeånde står og hostar på druene dine, forsvinn den tolmoden ganske fort.
Eller når den seksten år gamle blonde jenta ikkje klarar å finne strekkoden på ei banan.
Arg. Mandagar.


Men det største irritasjonsmomentet er ikkje bak kassen, men foran. Det er merkelig korleis kosmos straffar deg, ved å la alle eldre damer av ein heilt spesiell type betale i kassen kl. 19.55. Sjølvsagt rett foran deg, der du star med to hansa, ei flaske zalo, og knekkebrød. Du innser i det øyeblikk, at det blir appelsinjus til kveldspizzaen.
Igjen.

Ingen setter meir pris på ein konspirasjonsteori enn meg. Illuminati, UFO, Elvis, Shakespear og kristendom. All aces in my book.
Men korleis desse eldre menneskene klarar og konspirere saman er utanforbi min fatteemne.
Det som skjer er som følger, og du kjenner det garantert igjen.
  • Først presser dei så mye som overhode mulig på kassebåndet. Stabler melk, kamfer og surkål til den store gullmedaljen. Når alt er plassert, ventar dei. Og den stakkars kassedamen må rope på hjelp tre gonger.
  • Så er alle tinga gjennom, og kassedama seier "753 kr.". Dette blir bra. Sjølv om dei har stått og venta aldri så lenge på dette, blir dei like overraska kvar gong når kassedama seier prisen. Ikkje fordi det er dyrt, men fordi det alltid kommer som eit sjokke at dei må betale.
  • Vel, kanskje dei må finne fram lommeboka, portemonèen, eller konvolutten med tusenlappane i. Ned i trillebagen og leit. Leikande lett.
  • Så korleis betaler du best 753 kr? Bankkort er ei løysing, men problemet med bankkort er at du må kunne ein kode. Og med startande alzheimers kan dette være litt vanskelig.
  • Greit. Då betalar du cash. Ein femhundrelapp, ein tohundre lapp og ein hundrelapp. Fantastisk. Opplevelsen kan ende her.
  • Tenker du. Dessverre blir idyllen brutt av kassedama som spør "har du tre kroner".
  • Hurra. Ned i lommeboka, leite i alle lommer og bak alle bilder. Nei beklager.
  • Punchlinen kommer med dei to neste spørsmåla. "kvitering?" og "pose?". For guds skyld. Dette er ikkje vanskelige spørsmål. Det er ikkje som om du må velge ny farge på toalettsetetrekket ditt. Eller bestemme deg for kva sengetrekk du skal legge på idag. Ja eller nei.
Alle har sjølvsagt ein historie som dette. Dessverre.
Og dersom du sitter nå og fordømmer meg fordi eg syter over dette;
fåkk deg. Du syter sikkert like mykje. Kanskje meir. Eg er ein ganske tolmodig person.
Ja eg har det bra her i livet. Ja, dette er ein av dei få tinga eg kan klage på. Og ja, eg burde få ting litt i perspektiv.

Perspektiv Suger.