Låtar som glir inn i hovudet, forbasket fengande. Artistar som tener meir penger på ein låt en dei fleste artistar gjer på fleire album.
Og så forsvinn dei.
Og det er nesten ingen som høyrer frå dei igjen. Dei forsvinn i evigheiten, og treng aldri gjere eit dagsverk igjen. Dei kan leve av feite royalties og tonopengar. Og dersom det ikkje er nok, så kan ein alltids bli med på ein turné med Øyvind Mund & Co.
Ein av mine planar i livet er iallefall å lage ein hit. For så å ta resten av kvelden fri. Eg vil forsvinne i evigheiten med synthpop og dårlege coverversjonar. Og den beste måten å gjere det på er å studere meisterane. Dei som verkeleg klarte det.
Og det har eg tenkt å starte med. Med jevne mellomrom skal eg presentere one hit wonders, til glede og mimring for deg.
Først ut: Michael Learns To Rock
Dette er kanskje ikkje definisjonen på one hit wonders, i og med at MLTR har gitt ut heile 6 album sidan 1991. Men det er nettopp det som er det festlige. Det einaste folk kjenner av dette bandet er "the actor", ein middelmådig song om ein person som ikkje heilt føler at han strekker til.Det som kanskje er meir bemerkelsesverdig er namnet. Eg har alltid lurt på kvifor dei kalla bandet sitt noko så tåpelig som "Michael Learns to Rock", spesielt med tanke på at det ikkje finnes eit fnugg av rock på albuma deira. Men det heile falt på plass då eg leste eit intervju med bandet.
"Yeah, it was like Johnny Hates Jazz and Frankie Goes to Hollywood. Sure, I've regretted calling ourselves this many times since, but we were successful so quickly we had to stick with it and over time I got used to it." (Taipei Times, 06 07 2007)"
Bandet innrømmer også at "Michael" eigentlig er Michael Jackson, og at det er han bandet er oppkalla etter. Logisk, i og med at ingen i bandet faktisk heiter Michael.
Kos deg med den herlige musikkvideoen.
Og mens du allerede er på veven. Sjekk ut http://www.mltr.dk/
Der kan ein høyre den nye julelåta deira. Enjoy.
Takk kjære Danmark, for denne fabelaktige perla.